Tilbake
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy
Astrid Havn Tranøy

Mælandsgården 2020

Living history! Gjennom møte med fleire fiktive figurar i bymiljøet i den verna delen av Skudeneshavn tar elevane eit steg inn i historiske Karmøy midt i storhetstida til sildafisket på 1800-talet. Elevane får smake, lukte og kjenne på miljøet i og rundt handelsstaden Mælandsgården, eit område prega av tjøre, salt og sild og lukta av hav. Dei får møte førstereisguten Harald i dei gamle sjøhusa og vere med tenestejenta til sjølvaste fru Mæland på byvandring i dei trange smaua i den kvite empirebyen. Er det fint ver anbefalast det å avslutte besøket med å ete niste i Parken i Gamle Skudeneshavn, nær Månesteinen, der gallionsfiguren Damå i Parken vokter inngangen. 

PS. Alle gruppene får litt ekstra tid i Skudeneshavn. Gje lyd om de ynskjer meir tid enn det som er sett av.

Lærerveiledning

Lærarrettleiing Mælandsgården

Elevane skal som før møte opp i informasjonssalen til museet, der dei vil bli delt i to grupper på ca 20 personar i kvar gruppe. Det vil vere to ulike stasjonar som elevane skal igjennom. Eine gruppa vil delta på forteljarstund med forteljar og skodespelar Nina Sele ved to arenaer på museet, medan den andre gruppa tar ei lita byvandring i den verna delen av Skudeneshavn. Dagmar Lunde vil vere formidlar her. I vandringa vil dei få høyre litt om husa og folka som budde der.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Karmøy kommune
  • Kunstnere/grupper: Nina Sele og Dagmar Lunde
  • Produsent: Oppvekst og kulturetaten, Karmøy kommune
  • I samarbeid med: Kulturavdelinga i Karmøy
  • Idé/opplegg: Oppvekst- og kulturetaten, Karmøy kommune, i samarbeid med Nina Sele og Dagmar Lunde

Om kunstner / utøver / gruppe

Nina Sele er skodespelar og kjem frå Bømlo. I 2003 vart ho uteksaminert frå Nordisk Institutt for Scene og Studio (NISS), og har etter dette jobba både i Oslo og på vestlandet. Ho har tidlegare vore med og drive Shakespeare-gruppa Akutteatret, og dei siste åra har ho bidratt med roller i Haugesund Teater, Mostraspelet og Bømlo Musikallaug.

Ho har vore leiar og er no medlem av det frittståande teaterkompaniet Scenekraft, og har gjennom Scenekraft turnert for DKS Karmøy i oppsetjingane Havet har meg (skoleåret 20010/11), Rabinowitz (20011/12) og Heks (2012/13).

Dagmar Lunde er frå Skudeneshavn. Ho har bakgrunn som programleiar, skodespelar, songar og kulturhusleiar. Våren 2015 medverka Dagmar i eit dramaprosjekt i Mælandsgården i regi av Tårnet skole, som vart støtta med prosjektmidler av Kulturskrinet. Prosjektet resulterte i fleire forestillingar der elevane opptrådte i og rundt Mælandsgården saman med profesjonelle skodespelarar. Forestillinga vart vist for fleire ungdomsskular i Karmøy. Han vart og vist for sekretariatet for Den kulturelle skulesekken som eit førebilledleg døme på eit godt samarbeid mellom skular og profesjonelle kunstnarar.

Publikumskommentarer