Vil du bli elevarrangør?

Er du interessert i å lære meir om å vere kulturarrangør?

Kvart år besøker mange kunstnarar din skule gjennom Den kulturelle skulesekken i Karmøy, og DKS Karmøy treng di hjelp til å ta imot!

Har du lyst til å finne ut korleis det er å jobbe med kultur, både foran og bak scenen? Er du ein god ambassadør for skulen din? Er du glad i å møte nye folk, og likar du å få folk til å kjenne seg velkommen? Er du interessert i å lære meir om å styre lyd og lys? Likar du å rigge til stolar og scene, og bære tunge instrument? Vil du introdusere eit band for dine medelevar og få dei til å gleda seg til konsert? Er du glad i å teikne og likar du å lage plakatar? Hvis noko av dette høyres fristande ut, bør du prøve deg som elevvert.

DKS Karmøy arrangerer årleg kurset På Scenen! Elevar som arrangørar, i samarbeid med andre kommunar i Nord-Rogaland.

På kurset får du og din lærar, saman med mange andre elevarrangørar, tilbringe dagen med profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar som lærer deg (nesten) alt du treng å vete om praktiske sider ved å vere elevarrangør. Liker du å vere konferansier får du lære litt om korleis du presenterer på scenen. Har du sceneskrekk? Denne dagen er medisin mot det. Vil du lære å lage kule plakater, eller vete korleis du skal te deg på scenen? Kan du nokon kule triks, eller liker å synge? Trives du best bak scenen, og vil lære meir om lyssetting, teknikk og scenografi? Det blir bra lunsj, og dagen blir avslutta med ein forestilling, der dei som vil får vist fram det dei har lært, i eit forrykande show av og med elevar og profesjonelle kunstnarar både på scenen og i dei viktige rollene i kulissene.

Heilt til slutt er det tid for Den store handtrykkar-testen. Dersom du består får du arrangørpass og CREW-t-skjorte med deg, saman med nyttige tips som er gode å ha når du sjølv skal ha kulturarrangement på din skule.

Kvart år får elevarrangørar frå fleire skular tilbud om å vere med og bestemme programmet til Kulturskrinet for neste skuleår. For å vere med her må du ha gjennomført Elevar som arrangørar-kurs.

Ta kontakt med kontaktlæraren din, eller kulturkontakt, dersom du vil melde deg som elevarrangør, bli med på På Scenen! Elevar som arrangørar-kurset, eller er interessert i å høyre meir om dette.